Startside
Om Bjønroa
Kontakt oss
Historikk
Starten
Veien videre
Tankespinn
Hundeliv
Om hundene
Om kullene
Valpekull
Jakt og trening
Utstilling
Vi gratulerer
Nyttige lenker
Gamle Nyheter
Billedkavalkaden

Hundeliv

Rolf forteller
 
Innhold:
Til venstre: Sita og Streif får en godbit av Rolf
Til høyre: Det er godt å ha snill matmor når veien er lang og man er så liten.
Sita i ryggsekken til Ann Kristin påsken 1972
 
EIT LIV MED HUND
På Bjørnarheim der eg vaks opp, var alltid hunder, mest engelsksettere. Men på 30-talet hadde vi ei kvit/brun pointertispe (leverfarget). Det var broder Ludvik som åtte desse. Men so snart eg var kar for det, så bar det til fjells enten på tur eller jakt. Og som regel var det med hund.
Mine to første hunder var Basse og Sita, begge engelsksettere. Basse var ein god jakthund. Men i Nittedal blei det for lite aktivitet. Da han spiste opp familiens Bibel, eit kostbart eksemplar med permer av tre, måtte eg plassere han på Vestlandet slik at eg kunne bruke han på jakt.
Så kom Sita. Ei trikolor og mørk tispe med bra jaktegenskaper og triveleg gemytt. Toget blei hennes ulykke. Ho fekk brudd på eine lårbeinet. Det blei spjelka med stålbolt og nagler som seinare vart fjerna. Men Sita tålte ikkje lenger å leike med barna. Eit forsiktig bitt gjorde at vegen til dei evige jaktmarker blei kort.

Tid for pointer
Tidleg på 60-talet arbeidet eg noe på huset til Arne Karlsen i Nittedal. Arne hadde da Ch. Hit, ein vakker pointer som sjarmerte meg. Arne overtalde meg til å kjøpe hans parringshvalp etter Hit og Alsbjergs Bess.
Den kvit/gule tispen fekk navnet Smestadhagens Sira. Ho blei seinare parret med Arrow til Drabløs, og gjennom sønnen Arkas Silver kom begge til å ligge bak mange høgt premierte hunder.

Bruken av Arkas-navnet
I kullet etter Arrow og Sira var det 11 hvalper. Det viste seg vanskeleg å plassere så mange for ein førstegangs oppdretter. Med kennelnavn går det lettere, forklarte Arne. Men eg hadde ikkje slikt navn. Du kan jo bruke mitt, sa Arne.
Eg fulgte rådet. Arne skulle få overta ein hvalp (Dux) for å låne ut sitt kennelnavn. Denne Dux deltok på ei international utstilling i Oslo den 2. april 1967, der Erik Wang var dommer. Han gav Dux 1UKK og Cacib (sjå side 60 i jubileumsboken "60 år for pointer”). Dux havna hos Bjarne Foss Haneborg i Oslo.
Silver blei henta av Tove og Kjell Bøe, til stor glede for familien Bøe. Silver var smart og oppfinnsom. Ein dag han ruslet i villastrøket på Fjellhamar, så kom han over ein avskjering (halv tønne) der det låg julesylte under. Handelsmannen (nordlending) hadde lagra sylter i snøen. Kraftkaren Silver vippa opp dunken og tok med ei sylte. Uflaks, noen hadde sett han. Det blei stort oppstyr med trussel om skyting osv. Tove blei livredd og Silver vart omplassert. Han endte hos Arne Karlsen.

Livet etter Silver
Silver blei brukt i avel med bl.a. Arkas Fia til Per Skaland. Og Karras blei født. NJUCH Karras vart så i sin tur parret med SJUCH Jo-Kjells Sola til Lennart Kjelsson, og der kom Silva til Bjørn Solheim. NJUCH Silva gav liv til mange gode pointere.
"Gode råd er dyre og blir uvitende sin lære”

Byrkjelo, desember 2006
Rolf Bjørnarheim

 
DET GODE LIV MED HUND (hentet fra boka: Historie-glimt av Rolf Bjørnarheim)

"Hunden er mennesket sin beste venn”. Ja, slik heiter det, men er det alltid slik? Her er det to eller fleire partar som må leve saman. Det krevest at dei forstår og respekterar kvarandre. At alle viser lyst og vilje til å samrbeide. Samarbeid er nøkkelordet. Det å eige ein hund medfører eit stort ansvar. Ein må derfor være glad i hunden. Villig til å ofre tid og krefter for å få til samarbeidet.

Valg av hund
Det vil avhenge av kva hunden skal brukast til. Om det er til jakt, sauedrift, vakthund eller selskapshund. Det finnest mange raser å velge mellom. Slik at du kan få den hunden som passer til ditt formål. Skilnaden mellom rasene er ikkje alltid så stor.   Det kan være større skilnad mellom individ innan rasen. Så valget er viktig. Det seiest at: Kvelpane lærer like mykje frå veke ein til fem som dei lærer resten av livet. Lærdomen får dei av mora og i leik saman med resten av søskena. Mora har altså stor betydning, så sjå på ho.
Kunskapen til oppdrettaren har nok også stor betydning. Han kan ha gjeve flokken gode mulegheter til å lære. Av ein slik flokk er det kanhende berre ein eller to som blir særs gode. Har du valget, så velg ein kvelp som er litt annaleis enn dei andre. Den første fødte blir ofte best.

Grensesetting
Dette bør du tenkje på før kvelpen blir henta. Om du for å være snill med kvelpen, lar den valse fritt over alt, i soffaer og senger. Lar den herje med skor og klær. Då får du eit problem som vert vanskelig å løyse.
Hunden vil bli til byrde. Du må derfor sette grenser. På ein vennleg måte, la den forstå kven som er sjefen. Hundar er flokkdyr som alle vil høgt på rangstigen. Kvelpen vil ikkje nøle med å ta sjefsjobben når den skal inn i din menneskeflokk.
Dei fleste som eig hund er glade i den og ser på hunden som ein av familien. Det å få ein kvelp blir nesten som å få eit barn i huset. Folk har gjerne eit rom der barnet skal stellast. Der det er tilgang til vatten og greit å holde reint. Barnet har sine leiker der og gjerne ei leikegrind. Samt soveplass der barnet skal ha ro. Noko slikt kan være greit for den nykomne kvelpen.
Mens hunden er liten er det greit at den har eit bur der den kan sove og være trygg. La den få nokre knotter (tørrfor) med seg inn i buret. Den vil då få lyst til å gå inn i buret. Der må den få fred og vil då føle seg trygg, roer seg og vil sove godt der.

Hus-rein hund
Når så hunden vakner, vil den føle trang til å gjere frå seg. Den vil nødig gjere dette i eit lite bur. Den vil, og må, sleppast ut. Det er då greit å ha gjærda inn eit område. Slik at den kan bevege seg fritt og finne att plassen den kan gjere sitt i frå seg. Etter maten vil den også ut. Prøv å innarbeide rutiner som passer familien. Det er kvelpen som skal tilpasse seg dei andre.
På dagtid skal den være ute. Det er då greit å ha eit lite hundehus, med løpestreng, der den kan bevege seg. Med fleire hundar er hunde-gard å foretrekke. Ute må den ha tilgang til vatten. Den vil være full av virketrang. La den få små vedakubber og grove bein til å tygge på. Mens den er liten er kunstige tyggebein best. Du må nok tåle litt graving. Store brudd-heller eller natur-stein kan være greit på dagplassen. Men hugs å gje hunden knotter når den skal på plassen sin. Då vil den gjere det med glæde.

Opplæring
Har du ein eldre hund med gode vaner, så la kvelpen lære av den. Sitt og ligg kan den vaksne og får alltid knott og ros. Kvelpen ser dette og tar etter og må då få sin belønning. Du klarer dette uten den gamle, men det tar lenger tid. Du må då sjølv sette kvelpen ned, så gje knott. Har du gjennteke dette gang på gang, så vil den lære og til slutt gjere det med glede. Med ligg-øvelsen er det like dan. Men du må ta berre ein øvelse av gangen, til kvelpen kan den. Hugs å sette ord på øvelsen.
Dei fleste hundar misliker å gå i band. Det krevest stor tålmodighet for å få det til. Men dette lærer den greit ved å gå i tviband med gamle hunden. Dette slik som ein hestekar lar følet gå i grime ved sida av gamle mærra. Namnet sitt lærer hunden ved at du bruker det kvar gong du snakker til den. Bruk det og når du vil ha den til deg. La den alltid få ros og knott når den gjer det rette. Du får då ein hund som gjerne vil samarbeide. Du får ein glad hund.

Dressur
Hundar som skal brukast til tjenestehund eller på jaktprøver, dei bør dresserast. For ein vanleg jeger så er det nok å innøve eit samarbeid. Det den må ha er eit kurs med dressurhalsband mot sau og klauv-vilt.
Ein må sette strenge krav til dressører. Slik at hundane dei fører ikkje opptrer som underkua vrak. Vrak etter for rask og hard dressur. Det må visast respekt for hundens medfødte egenskaper. Vi veit at hundar på fleire områder, som eksempel hørsel og luktesans, er oss mennesker heilt overlegne. Å sjå ein underkua hund utføre ordre i redsel for strømband eller bank, det er eit trist syn. Men det finst også gode dressører som møter med ein glad hund.
Om jaktdressur vil eg vise til boka: "Den glade fuglehund” av Olav Schjetne. Olav er ein praktkar som kan dette gemet.

Apport/Rapport
Apport-lyst har dei fleste fuglehundane. Dei finn ting dei går og bærer på. Dette kan du greit utvikle til at: Hunden hentar fugl og leverer den til deg. Men det er svært viktig at du berre lar hunden bære døde fuglar. Ein unghund må ikkje få lov å drepe skadeskotne ryper. Den kan bli knall-apportør og vil då gjerne skade viltet. Apport kan og lærast ved tvang, men det kjem inn under dressur.
Dette med rapport er meir sjeldent. Det som kan føre til at hunden rapporterer, er stor vilje til samarbeid. Hunden snur gjerne på haudet og ser etter kameraten. Den kan og gå av stand og viser seg for jegeren. For så å gå tilbake til standen. Då må jegeren forstå at hunden har fugel føre seg. Men har hunden ein treg fører så kan den måtte gå å ta han i handa og leie han fram mot standen. Har hunden greid å snu kameraten, så løper den gjerne i førevegen og fester ny stand. Slikt samarbeid er sjeldent.

Slik lærde Mia rapport
Ei tid hadde eg duer for å trene hundane på. Mia var ivrig med på dette og visste godt om duene i Duehuset. Slik det skal være med tisper, så fekk Mia sin løpetid. Ho måtte då luftast i band. Det vart gjerne ein luftetur ned for å hente posten. På slutten av  heimvegen slapp eg henne laus. Ho var straks på plass ved Duehuset og tok stand. Eg fulgte opp dette, men sette på band før eg opna døra og ba henne reise. Som ei kule for ho inn i huset, landa sitjande på golvet, mens duene berga seg opp på vaglet. Ho fekk ikkje lov å røyre duene.
For å få henne til å hente meg, så måtte eg av og til late som eg ikkje såg henne, gå inn om gangdøra, og vente. Å rett nok, ho kom mot døra og såg etter meg. Når eg opna døra, så drog Mia mot Duehuset og feste stand. Då var det berre å følje etter. Mia fekk det som ho ville, og blei svært ivrig. Var eg for treg kom ho inn og henta meg. Dette samarbeidet fekk vi nytte av på jakt, til felles glæde.

Stand med reising
Standinstinkt har alle fuglehundar, i større eller mindre grad. Ein fuglehund som ikkje tek stand er lite brukeleg. Fuglehundar har god luktesans. Lukte-sellene i nesa sender signal til hjernen og hunden oppfattar kven lukta kjem frå. Lukt av ryper vekkjer jaktlysta til hunden. Blir lukta sterk så sender hjernen signal til musklane om at: Hunden må stoppe, musklane låser seg nesten. Dette heiter å feste/ta stand. Slik skal hunden stå til den får beskjed om å få fuglen på vengene og så stoppe.
Stand-evnen kan delast inn i tre grader. Vi har hundar som stoppar berre ei kort stund før dei jagar opp fuglen og spring etter (preller). Andre står godt og venter på føraren. Dei kan då være saman om jakta, og er samarbeidet innøvd, ja då går det som det skal. Den tredje graden er hundar som står svært fast. Dei låser seg i standen. Under jaktprøver blir ein slik hund avvist. Ein hund skal, på ordre, få fuglen på vengene og stoppe, gjerne sette seg.
Ein god dressør kan få til dei fleste hundar. Men ein ser då lite att av hunden sin naturlege egenskapar. For ein vanleg jeger, så er det lettast å bruke dei to siste. Særleg nr 2 kan bli ein samarbeidsvillig og god hund.

Trening med duer
Det kan ligge til rette for trening med duer. Duer er ein hønsefugl det er mange av. I by-parker og andre tettstadar kan du finne dei. Mange by-borgarar med hund lar den ta stand på duer. Med hund i band er det greit. Duene tek ikkje nokon skade av dette. Men greiast er det å ha eigne duer i Duehus. Der dei kan ta seg ut og inn. Slike duer vil hunden sjå dagleg og kan ta stand på dei. Oftast er det syns-stand, men det aukar jaktlysta. Dette kan nyttast til felles jakttrening.
Du bør starte med duer i netting-bur. I beiteterreng med tuer og små-busker er det greit å gjøyme buret med dua i. Hunden må sleppast slik at den får vinden frå dua og mot seg. Den vil snart ta stand. La den stå litt før du ber om reising. Bruk då ord som "la gå” eller eit ord du har innøvd med hunden. Den vil då fare fram mot buret. Den har som ønskje å fange dua, men buret hindrer den i å ta dua, noko hunden misliker. Du må då støtte hunden, set den ned og ros den. La den gjerne få knotter, og ta litt tid ved buret.
Neste steg er å løfte vekk buret (dua flyg). Det kan du få til med ei lang stang. Med den kan du flytte buret fram når hunden reiser fuglen. Til dette er det greiast å være to. Ein passar hunden og den andre løfter buret. I starten er det nok best å bruke line på hunden. Den har ellers lett for å gå etter.
Seinare kan du trene med duer i bur utan botten. Slik at når buret blir løfta vekk med line så er dua(ene) fri og kan ta til vengene og flyge vekk. Husk altlid å rose hunden når den gjere det rette. Som er å stoppe når den har fått fuglane på vengene. Orda "la gå” kan du innøve når du slepper hunden ut av gangdøra eller løyser den frå bandet. Du kan og bruke dei under apport-trening.
Mot slutten av august må du på fjellet og trene på ryper. Truleg vil det være best å bruke line dei første gongene. Unngår du at hunden får fange og avlive rypene, då sparer du masse treningsarbeid. Samarbeidet går lettare.
Har du vore heldig og få til ein hund med gode vaner i huset, i hagen, og på fjellet. Ein hund som har den største glede av å gjere deg glad. Ja, då kan du nyte det gode liv med hund.

 

 


 
 
 
EIN GLAD HUND (hentet fra boka: Historie-glimt av Rolf Bjørnarheim)

"Den glade fuglehund”
Dette er tittelen på hundeboka Olav Schjetne har skrevet. Eg skal ikkje referere frå boka, den må læsast. Olav sine eigne ord er best. Men det kjem klårt fram i boka at: Ein glad hund, den er best.

Ch.Sørlias Senta
Frå 1970 og utover hadde vi Senta. Ei pointertispe som var til glæde for familien. Alt som kvelp viste Senta gode evner. Eg ante at ho vilde nå opp på jaktprøver. Men eg kunne for lite om dressur og føring av hund på prøver. Vi såg det som rett at ho fekk ein god læremester. I bladet Fuglehunden såg vi om ein som tilbydde sine tenester i så måte. I same bladet såg eg at han hadde ført hundar på prøver, med Arne Holmesland som dommar. Det fall naturleg å ringe Arne og spørje om denne karen var dugande. Han kjende lite til denne føraren. Men han hadde sett at hundane hans var glade.
Hedersmannen Arne Holmesland lærde meg noko: Ein glad hund utfører jobben til glede for både førar og dommar. Det høyre med til historia at Sørlias Senta blei NUCH 2 år og 5 mnd gammal. Dette med hjelp frå nemnte førar. Diverre fekk Ann Kristin, som eigar, og eg ikkje beholde Senta meir enn i 4 år. Då fekk ho livmor-betendelse og måtte vandre over til dei evige jaktmarker.

Bjønroas Mia
No, meir enn 30 år seinare, har eg Mia som samarbeidsvenn. Under eit kvelds-sæte i Sogelaget, helde i Karnilsstova, der var jakt tema, og særleg om bjørnejakt. Broder Ludvik og eg var anmoda om å fortelje frå slik jakt. Vi kunne vise bilete frå Alberta i Canada, noko som det blei sett pris på. Men eg viste og eit bilete av Mia. Det viste ein vakker hund eg var stolt av. Mia er ikkje berre vakker, men og ein god jakt-kamerat. Ei etter-jakt på Vona, viser litt av dette.

Ein lydig hund
Kring middags-tid kom eg over høgda og såg ned til Vonavatnet. I kvia til venstre var det sauer, henta frå Vona-terrenget fordi det var sist i oktober og gjekk mot vinter. Nede ved vatnet sat Leidulfen og renska fisk. Mange, mange små, men somme med bra tyngde. Dette var fisk fanga i ruse for å få vekk små-fisken. Var det "kultivering” han kalla det?
Odden hadde lova meg båtskyss over vatnet. Leidulf fortalde at nett då var Odd nede i bygda med eit lass sauer, men Leidulf hadde lova og svippe meg over. Eg undra om han kunne reise frå fisken. Ja, det gjekk bra meinte han, og på "her” (var det Laila ho heitte?). Han peika på bilen deira og sa: ”Laila du får være der og passe på”. Ho for opp til bilen som stod med bakdøra oppe. Der la ho seg for å holde vakt. Eit eventyrlig godt samarbeid, i stor tillit.

Vengeskota rype
Innover vatnet bar det. Vona nærma seg og forventnings-iveren vaks. Den fekk eit ekstra puff ved at Leidulf fortalde om ryper. Ja, det hende slik: Då dei for med saue-drifta så tok dei over brua føre hytta til Hjelle, og ned over myrane mot elva. Der ein plass var det så grunt at sauene kunne vade over. På denne turen hadde dei jaga opp eit rypekull. Tanken på dette fekk fart i blodomløpet.
Der vi rusla opp mot husa, gjekk tanken til han som fortalde om rypene. Leidulf som då tøffa utover vatnet. Han må være den mest hjelpsome og blide mann i Naustdal. Vi tok oss tid til kaffi og vinerbrød før jakt-utstyret kom på plass. Så var det å finne att rypene. Ned over desse myrane er det naturleg nok rimeleg flatt. Men litt uventa kan terrenget sleppe seg ned ei bratte der bjørkeskogen har fått feste. Det var under ei slik bratte at Mia hadde teke stand. Eg kom på oversida og såg ho der nede. Det å kome seg stille ned bak Mia var vanskeleg i den tetta. Og rypene vilde nok teke ut, om eg prøvde.
Eg kom til å tenkje på Skåden med kjeppen. Men Mia kunne reise ryper, så det måtte prøvast. Eg kom meg opp på ein stein. Der ifrå prøvde eg å få Mia fram. Ulykka var at ho då blei borte bak eit kjærr. Med auge-kontakt vilde eg ha vinka ho fram. Slik det var, så blei Mia usikker, ho venta at eg skulde kome ned.
Dette var jakt og ikkje prøve. Eg tok av jakt-lua, heiv den ned over. Ei rype tok til vengene, og fekk eit reint skot etter seg. Den pakka saman og gjekk ned i tyebær-lyngen der framme. Mia stod att, så eg tok meg ned til henne. Ho fekk gå ut i apport-søk, men fann ikkje ryper. Eg henta lua og gjekk dit rypa datt. Der låg det berre 3 kvite dun, rypa var borte. Mia stoppa berre litt, starta så sporing etter rypa. Ho snudde seg av og til, for å sjå om eg kom etter. Eit par gonger stoppa ho og tok stand. Men dei løyste ho opp før eg kom til. Slik dreiv vi på i fleire titals meter. Eg såg ikkje rypa, men visste at den var føre oss. Fram på eit svaberg stod Mia att. Då kom eg nære uten å få auge på rypa. Brått sprang rypa ut, flaksa nedover berget. Løp så mot eit lite kjærr og gjøymde seg.
Mia og eg stod roleg og såg på rømlingen. Denne gongen såg eg rypa og sende eit avsluttande skot. Stille vart det. Vi kom oss ned svaberget og Mia fekk hente rypa. Men som bilete viser, var det endå liv. Glad og nøgd leverte Mia rypa frå seg. Avliving vart min jobb. Andektig blei rypa pakka i gårdagens avis. Eg kunne slappe av saman med ein glad hund.
 

 


 
FORTELLINGA OM GAMLE SIRA
I den første av fortellingane er Sira nemnt under "Tid for pointer". Vi skal her sjå litt om hennar liv og lagnad.

Sira kom til oss
Det var på vårparten i 1962 at den lyse og pene pointerkvelpen hom heim til oss i Utsiktsveien. Det til stor glede for både store og små. Eg hadde kjøpt, eller rettare arbeida for ho, der nede hjå Arne Karlsen, som hadde teke ut Sira som paringskvelp etter CH Hit og Alsbjergs Bess.

Namnet Sira var det vi som valde. Men ho hadde sitt kennelnamn frå barndomsheimen. På registreringsbeviset stod det: Smestadhagens Sira 62/6921. Som oppdrettar Conrad Langaard og eigar Rolf Bjørnarheim.

Om Arne sin evne til å fortelje
Som nemnt så arbeida eg noe saman med Arne Karlsen på eit tilbygg til huset hans. Han hadde kunnskap om jakt, skyting og hundar og var ein svært god forteljar som kunne få hammaren til å stoppe på veg mot spikaren. Slik blei arbeidet der ei triveleg tid der vi fann på så mangt, også i fritida.

Då trostflokkane kom syd frå, så smelte vi ned noen. Kona til Arne ribba, spekka og behandla dei etter kokkekunstens reglar. Dette blei reine snadderet til laurdagkos. Og då sat historiene lett. Ei var om mannen som så gjerne ville ha hund, men kona sa nei. Gubben ga seg ikkje, so kona kvesste i:
”Du får velje anten bikkja eller meg”.
"Det lyt eg tenkje på”, det sa gubben, han.
 
Etter måltidet slapp Hit inn på kjøkkenet for å ta seg av sin matporsjon. Den lyse og flotte hunden imponerte meg. Ein slik ville eg gjerne ha. Det kan det vel bli råd med, meinte Arne og fortalde om denne paringskvelpen hjå Langaard.
Spørsmålet måtte eg ta opp heime. Eg var heldigare en gubben, svaret blei ja. Den lyse og pene pointeren kom til oss, fekk namnet Sira og blei ein av familien.

Sira som barnevakt
I oppveksten hadde Sira lite kontakt med andre hunder. Ho vaks opp i leik med barna og fekk den same oppdraging som dei. Noko som likna dressur vart det ikkje. Men ho lærde namnet sitt og heldt seg saman med våre og nabobarna. Ho var aldrig i band eller bur, hadde si seng på kjøkkenet og blei eit familiemedlem.

Naturen ville at ho vaks fortare en dei andre barna. Det førte til at ho begynte å ta vare på dei andre. La dei att ting som lue eller vottar ute, så samla Sira dette på matta framfor utgangsdøra. Avis og post henta ho når bodet kom syklande etter Utsiktsveien. Avisbodet syntes det var greitt og leverte avisa til Sira, som bærte den til dørmatta. Postdama var redd, men lærte seg til å gå av sykkelen på andre sida, og så stikke posten gjennom ramma slik at Sira fekk tak iden, for so å bære den forsiktig heim, utan å øydelegge noko.

Sira godtok at ho måtte være heime med mamma når Ann Kristin og Stein skulle på skulen. Det hendte at noe var gløymt, som lommetørkle eller nistepakke. Då var det å la Sira springe etter barna og levere det gløymde. Grensa var Olsen-toppen, det for at Sigrun kunne sjå at det gjekk som det skulle og at Sira vende heim.

Utvikling til jakthund
Meininga var å bruke Sira på jakt. I 1963 medan ho var unghund, så jakta vi litt i skogen. Sira viste både jaktlyst og evne til å finne fugl. Og den blei felt, etter stand på orrfugl. Ho henta felt fugl med den største glede. Gamle Sira var den fødte apportør.

Men Sira måtte lære noe om jakt på ryper. Dette blei det broder Ludvik som skulle ta seg av. Det vart ordna slik at Karl Solheim skulle hente Sira i Nittedal og levere ho på Byrkjelo. Karl var jeger og hundemann og køyrde lastebil mellom Oslo og Nordfjord.

Eg snekra saman ei kasse og la teppet til Sira i botnen. Men Solheim hadde ikkje plass til den. Han tok teppet og la det på golvet til passasjersida. Der ligg ho trygt og godt, meinte han.

I ettertid fortalde han at turen hadde gått greitt. Sira hadde oppført seg korrekt som den sindige og rolege hunden ho var. Men det blei seint so dei måtte overnatte på Nystuen. Der hadde begge fått god bevertning og Sira hadde sjarmert vertinna. So då Karl ville legge Sira på golvet for natta då meinte vertinna, den hunden skal ligge i ein plysjstol. Slik blei det, men kvar han Karl låg det fortalde han ingen ting om.

Komne til Byrkjelo blei Sira overlevert, og dei to hundkarane vart einige om at dette var ein svært vakker hund. Men dei oppdaga at Sira hadde utvikla underbit ved skifte frå kvelpetenner som var korrekte. Dette ville ta frå ho mulegheita til å oppnå 1. Pr. på utstilling. Men ein god jakthund kunne det bli.

Under jakta hausten 1964 viste Sira at ho var ein særs lovande jakthund. Det blei felt både ryper og orrfugl for ho, som alt blei brakt til jegeren. I sin iver meinte Ludvik at ein burde la Sira ha eit kvelpekull og så satse på ein av kvelpane. Det fordi Sira hadde underbitt og ikkje kunne nå so høgt på utstilling som hennar eksteriør elles tilsa.

Tanken var freistande, men for meg var dette noe nytt og usikkert. Ludvik hadde erfaring med avl av engelsksetter, og kjende mange i miljøet. Han lova å ha Sira og kvelpekullet heime på garden, slik blei eg overtalt. Og han tok kontakt med Fredrik Drabløs i Ålesund.

På den tida hadde Drabløs Mailands Bass, ein hann importert frå Danmark. Ludvik fekk lovnad på å bruke Bass. Men då han kom til Ålesund og Drabløs fekk sjå Sira, så meinte han at her var kun det beste godt nok. Derfor blei Arrow valt. Dessverre blei det ikkje avkom etter denne paringa. Solheim frakta Sira til Nittedal, med helsing frå vertinna på Nystuen

Det var betalt paringsavgift med rett til omspring dersom resultatet blei negativt. Dette var nok med i vurderinga om å prøve på nytt, og då med kvelpar i Utsiktsveien. Over telefon fekk eg forsikring om at det var greitt. Drabløs ville skaffe ein kvelpekjøpar og lova å ta mot Sira og ordne alt på beste måte. Vi måtte berre sende ho i ei av jernbanens kasser og betale tur-retur billett.

Ludvik ville ha ein tispekvelp, og han lova å prøve å plassere fleire. I Nittedal var det to som ønska kvelp etter Sira, og vi sjølve ville halde att ein. Som dei optimistar vi var, so sette vi i gang.

Vi hadde hus og stor tomt med uthus og meinte å være bra forberedde. Men det blei litt av eit sjokk då heile 11 kvelpar kom til verden. Korleis skulle vi, heilt ukjende i pointerverda, klare å plassere alle desse kvelpane?

Det blei eit kappløp med tida. Avertering i lokalavisa og Aftenposten vakte litt nysgjerrigheit, men ingen bestilling. Noen kom og såg på kvelpane, bla. Arne Karlsen. Han syntes dei var bra. Men meinte elles at det var galskap å sende ei tispe heilt til Ålesund, her var jo gode hannhundar nærmare til, og at avkomet deira ville vore lettare å selje. Han tok også opp fordelen ved å ha eit kennelnamn. Sjå meir om det i den første av forteljingane under "Bruken av Arkas navnet".
 
Dette bildet ble tatt i Usiktsveien våren 1966 og viser avkommet etter Yotas Arrow og Smestadhagens Sira. Frå venstre ser vi Silver ved sida av Tove og Mona Bøe. Rolf og Sigrun Bjørnarheim har fanget fullt av trivelige kvelpar.

Plassering av kvelpane
Pila vart sendt med fly til Ålesund, der ho blei motteken av familien Skjong, som gav Pila eit godt liv. So tok Solheim med seg Siri, Snorre og Silva til Bjørnarheim. Der Ludvik valde seg Siri og ville prøve å plassere Snorre. Silva vart overteken av broder Gunnar, mot bytte av noen hyttematerialar.

Desse første blei leverte ved 8-9 vekers alder. Det gjaldt også Panny og Heien, som blei i Nittedal og betalte med kr. 350,- . Arne Karlsen henta sin Dux i følje avtalen, men formidla elles ikkje noe sal.

Kjell Bøe, ein kamerat frå jobben, fortalde at han og kona hadde lyst på hund. Men pengar var det smått med. Vi var ille ute og tilbydde dei: Betal kr. 50,- ved henting og kr. 250,- om Silver får 1. Pr. på utstilling. Silver fekk sin 1. Pr, Kjell og kona innfridde avtalen og Silver fekk ein god heim.

Mot sommar i 1967 sprang det trots alle salsforsøk 3 unge hundar saman med mora der heime i Utsiktsveien. Og i tillegg hadde broder Ludvik Sorry gåande att på heimegarden. Dette var belastande på helse og familieliv. Noe måtte gjerast. Det viste seg og at undertennene til Sira hadde forverra seg slik at dei stod rett fram og plaga ho ved inntak av mat, så det var reint vondt å sjå på. Vi snakka om dette i familien, og kom til at det beste for oss alle var at ho fikk slippe ut av dette livet.

Vi fekk ha vår gode Sira i nære 6 år, og lyser fred over gamle Sira sitt minne.
 
Dei unge hundane sin utvikling
Det vart ikkje berre problem. Kvelpane utvikla seg til pene hundar som gjorde det bra på utstilling. Dei som deltok først var Dux og Pila. Dei var med på NKK sin utstilling i Oslo den 2. April i 1967. Då blei Dux tildelt 1. UKK med CACIB og vart derved beste hannhund. Pila fekk sin 1. UKK, men blei slått av den berømte Sniffy av Syningom, som vart tildelt CACIB og BIR.

Seinare fekk både Silver og Sorry sine 1. UKK med HP. Sorry vart bedømt av Johs. Myhre som uttalte: ”Om denne 13 måneder gamle hunden er det så mye godt å si at jeg kan ikke få sagt det”. Kan hende so minna Sorry ham om hans eigen CH. Alsbjergs Sep. Min vurdering var og er at han likna meir på Pikhaugens Prikk.

Alle dei 11 søskena fekk delta på jakt. Men det var berre Silver, Dux og Pila som deltok på jaktprøver, der dei tre premierte seg. Det kan være grunn til å nevne at alle hadde korrekte tenner. Slik sett var det all grunn til å være fornøgde med avlsresultatet.

Dei siste fekk også ein heim
Ludvik hadde anbefalt Thorleif Andenes å ta kontakt med oss om kjøp av hund. Andenes hadde vorte utan hund. Og då dei var godt vaksne i familien, so ville dei ikkje starte igjen med kvelp. Dei kom for å sjå på våre håpefulle. Spørsmålet blei om dei kunne få overta Siv. Vi hadde tenkt å ha ho sjølve, men slik stoa var måtte svaret bli ja. Men Siv fekk eit trygt liv som jakt - og familiehund.

Snorre hadde vorte plassert hjå Bjarne Valaker i Utvik. Og i jakta fekk Ludvik oppleve Siri som ein særdeles lovande viltfinnar og rypebehandlar. Slik at han i sin iver også fekk overtalt Ola Hestenes i Gloppen til å kjøpe Sep. Dermed var kabalen løyst.

Gleda ved dette blei redusert av at toget tok frå oss vår stolte Sorry. Det blei litt lettare då Siri fekk kvelpar og vi kunne velje ut ei ny Sira, med Ann Kristin som eigar.

Til ettertanke
Utan medverknad av Fred. Drabløs og Ludvik Bjørnarheim, so hadde det ikkje vorte kvelpar etter Arrow og Smestadhagens Sira. Vår pointerhistorie ville då ha vorte endra. Se "Livet etter Silver"..

Utsikten i mai 2009
Fortalt av Rolf Bjørnarheim
 

Til toppen