Historien
(fra boka "Bjønroas Vesle Olin” av Rolf Bjørnarheim)
Mia er ein særdeles god hund, både eksteriørt og jaktleg, samt at ho er vennleg mot folk og dyr. At ho kan føre slekta vidare er naturleg. Men det er og nødvendig med ein god partner. Ein hannhund som passar linje-og bruksmessig, og at fleire ønskjer kvelpar etter ein muleg kombinasjon. I 1999 var dette berre gryande tankar.
?xml:namespace>
Omlag tre veker føre fødselen blei eg klar over at Mia skulle ha barn. Ho hadde då vorte dryg i buken, utvikla spenar og jur. Oppdagelsen var meir til bekymring enn til glede. Unnfangelsen hadde foregått utan mitt vitande og det var berre to mulege syndarar, faren Kim Salabim eller halvbroren Nils. Kven av dei det var ville fargen på avkommet vise. Omstendet blei delt med hundevenner. So vi var fleire som venta i spenning. Dei som kjenner Mia og søskena hennar, kunne vel ønskje seg avkom etter henne. Men innavl eller sterk linjeavl kan vere vanskeleg. Eg ville difor ikke ta imot bestilling. Skulle Kim bli far med sin datter? Ja, då måtte det bli å la ein eller to leve opp, i eigen kennel, for å sjå om dei var liv laga.
Halvbror Nils var ein likande hund og bra på mange måtar, men for nære slekt til at kvelpar etter dei var ønskjeleg. Gode og lydige brukshundar kunne det bli, men vidare avl var tvilsomt.
Første kvelpen som kom var ei lita tispe, kvit og svart med mange teikn. Ho var dødfødt. Men den kvite og svarte fargen avslørte at unghunden Nils var faren. Det kunne gå rimeleg bra. Avkommet ville då ha med gener frå fleire besteforeldre og aner. Faren for sterk samling av dårlege gener var mindre. Det gjaldt og dei gode gener (egenskaper). Eg såg det rett å la dei som ønska brukshund få overta kvelp. Men med betingelser i kjøpeavtalen slik at eg bestemte over vidare avl. (Den spesielle kjøpeavtalen er gjengitt nederst på denne siden).
Eg bestemte meg for å beholde Olin og Ophelia. Birgit Ording tok med seg Opus.
Dei andre blei også levert til jegere.
6 valper (+ 1 dødfødt)
ble født 11.
april 1999