Startside
Om Bjønroa
Kontakt oss
Historikk
Starten
Veien videre
Tankespinn
Hundeliv
Om hundene
Om kullene
Valpekull
Jakt og trening
Utstilling
Vi gratulerer
Nyttige lenker
Gamle Nyheter
Billedkavalkaden

Tankespinn

Utsikt

Eg kan nyte den. Sitte ved steinbordet, drøyme frå farne tider. Synet er ikkje so skarpt lenger. Det gjev eit litt uklårt bilete av elva, der nede, der den strøymer mellom gardsbruka. Endå er dei ikkje gjengrodde. Bøndene held sin farsarv i hevd, ein livsstil.

På plenen leiker hundar, glade hundar. Noen av dei lever berre i mitt tanke-spinn. Kvar for dei? Vart dei til folks nytte?

Mia bryt tankane. Ho kjem med staven, vi må gå ein tur, meiner ho.

Små krefter

Kreftene minkar. Turane blir kortare. Ophelia og Mia godtek det. Nei, vi brukar ikkje band. Fordi stien er so steinete og bratt. Den har vorte brattare med åra, stavane hjelper.

Mine venner spring, krysser stien, men held eit aue med meg. Må eg snu, ja so snur dei og. I Kyrkjeled-bakken går det seint. Mia snur seg, kjem du far, eller må eg bære deg? Ho seier det ikkje høgt, vil vel ikkje såre meg.

Turane er oss til glæde, og gjev nye krefter.
 

Mårådagen

Den kjem. Alf Prøysen sa det: "Du ska få ein dag i mårå”. Men ein skigard varer ikkje evig, den må vølast. Eit hundeliv tek slutt. Nye kan fødes, om kreftene strekk til.

Kennel-namn går ut, om dei ikkje blir brukte. Ein med-innehaver kan lette ansvaret, og forlenge levetida.

Birgit Ording har levd med og for Bjønroa-hundane. Vil ho være medinnehaver av Bjønroa-namnet?

Svaret, til min store glæde: Det blei JA TAKK.
 

Byrkjelo i romjula 2006

Rolf Bjørnarheim
 
 

Birgit med Melvin og Magnus